| Som forbrukar av kraft står du fritt til å velja kraftleverandør, og du treng dermed ikkje nytta Tysnes Kraftlag til dette. Oversikt over prisar og kraftleverandørar kan du finna hos Konkurransetilsynet. Dersom du ikkje har noko avtale med ein kraftleverandør, f.eks. Tysnes Kraftlag, vil du likevel få levert kraft frå oss. Me har leveringsplikt av kraft til dei av våre nettkundar som ikkje har inngått avtale med noko kraftleverandør (f.eks. ved overtaking av anlegg før ein har vald kraftleverandør). Ein vil då få ein ventetariff som føl Tysneskraft med eit tillegg på kr. 25,- pr. mnd. Dette vil vera fordyrande for deg som forbrukar, og me anbefalar derfor at du snarast inngår ein avtale om levering av kraft for å sikra best mogeleg pris. |