Vaktteneste

Nettavdelinga ved Tysnes Kraftlag har beredskapsvakt utanom arbeidstid. Vakta skal rykkja ut på kort varsel og kunna utbetra mindre feil og manglar som måtte oppstå i nettet slik at normal straumforsyning til kundane vert gjenoppretta snarast råd.

Beredskapsvakta har berre høve til og ansvar for å utbetra feil på Tysnes Kraftlag sine anlegg

Dersom straumen brått vert borte kan feilen og liggje på kunden sitt eige anlegg. Det er difor viktig at ein undersøkjer sikringar i fordelingsskap og på inntak, før ein melder frå om straumbrot til Kraftlaget. Har naboen straum er sjansen for at feilen ligg på eige anlegg stor, og omvendt, har naboen heller ikkje straum ligg feilen sannsynlegvis utanfor huset.

Dersom ein varslar straumbrot og dette skuldast feil på eige anlegg, vert anleggseigar belasta med utrykkingskostnad.